Å skrive om de aller flaueste tingene

- Av Norli Junior

Anders Totland: Å skriva om dei aller flauaste tinga

I nokre av bøkene mine skriv eg om ungar og ungdommar som opplever heilt forferdelege ting. Det gjer jo eigentleg Gunnar òg, men noko av det eg likar aller best, er å skriva om det som er skikkeleg flautt. Då eg skreiv «Nedteljing», hadde eg for eksempel med ei historie om ein gut som gjekk naken inn i bassenget då dei skulle ha svømmeopplæring. Han hadde rett og slett gløymt badebuksa. Og veit de kva? Nesten kvar einaste skule eg kjem til og snakkar om denne boka og han som gløymde badebuksa, så viser det seg at det er nokon på skulen òg som har opplevd det. I «Gunnars rekordbok» er kanskje det aller flauaste historia om Sivert som tissar på seg når dei overnattar i soveposane sine. Og dette veit eg litt om. For då eg gjekk i sjetteklasse, var me på overnatting med klassen. Me drakk brus og grilla pølser og drakk endå meir brus, og så la me oss. Midt på natta drøymde eg at eg måtte tissa. Eg drøymde at eg gjekk ut av soveposen og ut av huset, og eg drøymde at eg stilte meg opp bak ein stein. Så drøymde eg den utruleg deilige kjensla når du har måtta tissa skikkeleg lenge, og endeleg kan du berre sleppa det ut. Og så vakna eg. I soveposen. Det er det flauaste eg nokon gong har opplevd. Men det er ikkje det verste eg har opplevd. For det er faktisk forskjell på det. Og dei flaue tinga, dei elskar eg å bruka når eg skriv historier og lagar bøker. Sjølv om det er skikkeleg flautt.

Se video: Hemmeligheten bak Gunnars rekordbok

Se video: Lesestund med Anders Totland

Se video: Vennskap, forelskelse og rare følelser – hvem er folkene i Gunnars liv?

Konkurranse: Frist i dag!

Kan du finne på din helt egen rekord? Da må du bli med i ukens tegnekonkurranse!

Gunnars rekordbok skriver Gunnar om den blideste pappaen (faren til Sivert), den fineste jenta i klassen, sin aller beste venn, og de hviteste skoene han har sett. Men hvilke rekorder finnes i ditt liv?

Tegn din egen rekord, og bli med i trekningen om et gavekort!

Send inn tegning før torsdag 14. november klokken 14:00. Send til norlijunior@norli.no og merk mailen med «Gunnars rekordbok».

Lykke til!


Tilbake til forrige side