Denne veka er Helene Guåker vekas forfattar i Norli Junior Lesekonkurranse. Ho har skrive fleire bøker for vaksne og ungdom, og nyleg også barneboka «Stella står i det». I videoen under kan de sjå kor glad og spent Helene blir når ho får sjå boka si for aller første gong!
Sjå video: Kva handlar boka om?
Gjennom lesekonkurransen har de lese utruleg mange sider – og heilt sikkert funne mange nye ord! Denne veka får de sjansen til å kose dykk og leike med alle orda de kjenner.
Det finst to måtar å vere med på: lage ordtak eller lage eit titteldikt.
Lage nye ordtak eller munnhell
Døme: «Det er betre med ei kråke i handa enn ein krasja sykkel.» eller «Det er betre med ein is som smeltar enn ingen is i det heile tatt.» Send ordtaket ditt til norlijunior@norli.no.
Lag eit titteldikt med bøker
Legg bøker oppå kvarandre i ei rekkjefølgje som gjer at det blir eit dikt. Ta bilete av bunken og send til norlijunior@norli.no.
Titteldikt:
Det var stille, det snødde
Og hjertet mitt bare
Eg blir her
Siste frist for å sende inn svar er torsdag klokka 14.00. Alle svar skal sendast til norlijunior@norli.no.
På fredag deler vi nokre av svara dykkar og trekkjer éin heldig vinnar. Vinnaren får ei fin skrivebok som kan brukast til å lage fleire ordtak, dikt – eller kanskje ei lang forteljing.
Du må ikkje gjere begge oppgåvene. Det er nok med ei!
Stella er fornøgd med livet. Ho bur saman med mora i verdas beste blokk, og to dører bortanfor bur bestevenninna Rania. Dei har ikkje så mykje pengar, for mora til Stella kan ikkje jobbe, men Stella synest likevel ho har alt ho treng. Heilt til mora ein dag inviterer heile klassen heim på bursdagsfeiring. Det vil ikkje Stella, for kva om mora serverer mat ho har funne på søppeldykking? Kva om Sofie og Ida ler av den vesle leilegheita deira? Og verst av alt, kva om mora får migreneanfall rett før og ikkje kan arrangere bursdag i det heile tatt? Her må det ein backup-plan til! Saman med Rania førebur Stella ein plan-B-bursdag.
Tilbake til forrige side